Miljøarbeidar
EngasjementVil du bli vår nye miljøarbeidar?
Gol vidaregåande skule ønskjer å styrke elevtenesta ved skulen med ein miljøarbeidar som skal vere med å skape trivsel og tryggheit for elevane våre. Stillinga lyses ut som eit toårig engasjement.
Gol vidaregåande skule har i dag omlag 365 elevplassar og 65 tilsette fordelt på fire utdanningsprogram: studiespesialisering, idrettsfag, musikk, dans og drama og restaurant- og matfag. I tillegg har me kombinasjonsprogram og vaksenopplæring. Skulen har gode undervisningslokale og eigen kantine. I tillegg ligg bibliotek, scene og idrettsanlegg i nær tilknyting til skulen.
Tilsette ved Gol vidaregåande skule arbeider for at alle elevar er del av eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine. På læringsarenaene våre er det variert og elevaktiv undervisning som skal gje god læring.
Gol vidaregåande skule ligg sentralt i Gol kommune, som er knutepunkt i Hallingdalsregionen. Til Gol kjem du enkelt med tog eller bil frå Oslo og Bergen. Det er også god kommunikasjon med øvrige delar av Vestland og Innlandet.
Les meir om Gol vidaregåande skule her: www.gol.vgs.no
Arbeidsoppgaver
- ta initiativ til, leie og delta i organiserte elevaktivitetar
- vera aktivt deltakande blant elevane utanom undervisninga
- støtte elevar som har høgt fråvær eller andre utfordringar
- delta i undervisningssituasjonar med elevar etter behov
- bistå rådgiverteamet med oppfølging av enkeltelevar
- vera elevrådskontakt ved skulen
- andre oppgåver må påreknast
Kvalifikasjoner
- høgskuleutdanning innan pedagogikk, barnevernspedagogikk, vernepleie eller tilsvarande, eller relevant fagbrev. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden
- erfaring frå arbeid med ungdom er ein fordel
- meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlige egenskaper
- liker å jobbe med ungdom og god til å bygge relasjonar med alle typar ungdom
- møter elevane med tryggheit, varme og tydelegheit
- kreativ, løysingsorientert og fleksibel
- god gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og kultur for samarbeid
- løns og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillinga er 100% i den tida elevane er på skulen og plandagar. Elles følgjer stillinga skulens feriar og fridagar, utlønningsprosent vil difor vera 89% av stillingsprosent.
Kontaktinformasjon
Anita Ulsaker, rektor, 402 13 010
Live Synnøve Surlien, avdelingsleiar, 917 63 267
Arbeidssted
Gymnasvegen 27
3550 Gol
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Viken fylkeskommune
Referansenr.: 4628279306
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.08.2023
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 11.04.2023