Medarbeidar i tenestetorget – 1-årig vikariat i 50% stilling
- Heltid
Vi er ei avdeling med stort engasjement for det vi driv med. Vi er no på jakt etter ein engasjert, fleksibel og positiv medarbeidar som ønskjer å bidra til å gje innbyggjarar og tilsette tenester av topp kvalitet.
Avdelinga Kommunedirektøren sin stab har 11 tilsette fordelt på ulike team:
Tenestetorg, arkiv, lønn/personal, konsulent og økonomi.
Den ledige stillinga er eit 1-årig vikariat i 50% stilling og vil i hovudsak bli tilknytt tenestetorget.
Hovudarbeidsområde/ansvar:
Svare på spørsmål og henvendingar frå publikum. Administrative oppgåver etter behov internt i kommunedirektøren sin stab og andre avdelingar i kommunen.
Ønska bakgrunn og kompetanse:
- God IT- og systemforståing
- Fagbrev i kontor- og administrasjonsfaget eller anna relevant utdanning
Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Vi ønskjer oss ein kollega som:
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er ansvarsbevisst og fleksibel
- jobbar godt sjølvstendig, er strukturert og systematisk
- viser stor grad av serviceinnstilling
- har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personelege eigenskapar vil verte vektlagt.
Vi kan tilby:
- Interessant jobb i ein utviklingsorientert kommune
- Varierte arbeidsoppgåver
- Arbeidsmiljø prega av humor og glede
Generell informasjon:
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP)
- Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.
Søknadsinformasjon:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kanl lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no, ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar!