Hemsedal kommune

Leiar for plan og utvikling – teknisk etat

  • Heltid
Hemsedal
apr 19, 2021

Hemsedal kommune har ledig stilling som leiar for plan- og utviklingsavdelinga. Avdelinga har for tida 10,5 årsverk som jobbar tett på kommunen sine innbyggjarar, politikarar og resten av kommunen sin administrasjon. Viktige forvaltningsoppgåver er kommuneplan/ arealplaner, byggesak, landbruk og matrikkel, kart/ og geodata. Leiar inngår i leiargruppa til teknisk etat, og rapporterer til etatsleiar. Teknisk etat består av 34 årsverk, der avdeling teknisk drift og eigedomsavdelinga ligg i same etat.

Arbeidsoppgåver som er lagt til stillinga:

  • Leiaransvar for avdelinga
  • Saksbehandling med hovedvekt på plan og byggesaksforvaltning
  • Drifts- og utviklingsansvar for avdelinga, mellom anna innafor personal og økonomi
  • Stillinga kan tilleggast andre oppgåver innanfor avdelinga sine ansvarsområder

Ønskja kvalifikasjonar:

  • Plan- eller byggefagleg utdanning frå universitet eller høgskule
  • Erfaring / kjennskap til offentleg forvaltning innafor fagområda plan, og byggesak
  • Leiarerfaring – gjerne med personal- og økonomiansvar
  • God munnleg og skriftleg framstilling

Personlege eigenskapar:

  • God rolleforståing i samspel mellom administrasjon, politikk og fag
  • Løysingsorientert og gode samarbeidsevner.
  • Ryddig og strukturert
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Personleg eignaheit vert tillagt vekt

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Dyktige medarbeidarar
  • Spennande oppgåver i ein vekstkommune

Generell informasjon:

  • Søkjarlister er offentlege.
  • Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP).
  • Nynorsk er tenestesmål jf målbruksplan, og det er ønskeleg at tilsette beherskar språket.
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7.

Elektronisk søknadsprosess:

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn.
Vitnemål og attestar kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her i Hemsedal kommune.

Andre ledige stillingar i Hallingdal (NAV)

Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål er dei seks kommunane i Hallingdal. Vi har eit godt samarbeid og avstanden mellom oss er slik at det er mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ei anna kommune. På vår webside under linken Hallingdal finn du dei andre kommunene i Hallingdal sine websider. Der kan du søke deg fram til å finne ledige stillingar for den enkelte kommune. På www.nav.no finn du også stillingar som ikkje er kommunale.

Søknad

Søknadsfrist:
20.04.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Hemsedal

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Hemsedal kommune

Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.

Om søknaden

Publisert:
23.03.2021
Sist endret:
19.04.2021