Hallingdal leirskule

Lærarar ved Hallingdal leirskule

  • Heltid
Ål
des 6, 2021

Er du glad i friluftsliv og har barn og ungdom sitt beste i fokus? Likar du å engasjere elevar til læring ute i all slags vær, og er ekstra glad i vinter og dei aktivitetane denne årstida byr på? Då vil du passe på Norges mest Ål-reite leirskule.


Me søker

Det er ledig inntil 2×100 % stilling. Stillingane er vikariat i perioden desember-april 2022. Det kan vere høve til vidare engasjement etter dette. Me søker faglege, dyktige og engasjerte medarbeidar som vil vere med å gje elevane på Hallingdal leirskule den beste veka i livet.

Her kan de få informasjon om Hallingdal leirskule: https://topcamp.no/nb/hallingdal/leirskole


Kvalifikasjonar

Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova, gjerne utdanning innan idrett, friluftsliv eller naturfag.


Arbeidsoppgåver

Undervisning av elevar på leirskulen, stort sett utandørs.


Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Det er ynskjeleg at lærarar ved leirskulen

– er ein tydeleg vaksen

– er interessert i barn og unge

– har gode samarbeidsevner og kan skape gode relasjonar

– har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med lærarar, elevar og andre samarbeidspartnarar

– har god formidlingsevne muntleg og skriftleg

 
Me tilbyr

– gode fasilitetar på femstjerners campingplass

– godt arbeidsmiljø

– spennande arbeidsoppgaver

– mykje uteliv

– hjelp til å skaffe bustad

 
Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.


Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.


Send søknad

Det skal sendast elektronisk søknad. Velg "Send søknad" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt til e-postadressa som du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unntatt offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga.

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-12-06T00:00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Vikariat
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
2
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Hallingdal leirskule
Adresse:
Myrovegen 15, 3570

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg. Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet. Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell. Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.

Om søknaden

Publisert:
18.11.2021
Sist endret:
04.12.2021