Lærarar til grunnskulen frå 01.08.2021
- Heltid
Ingress
Det er ledig eit uspesifisert tal årsvikariat/faste stillingar ved skulane i Ål frå 01.08.2021.
Me søker
I Ål kommune er det fire barneskular og ein ungdomsskule, alle skulane er moderne og godt tilrettelagt for å drive god pedagogikk. Betre læring er vår lokale oppvekstplan der "tett og tidleg på" og "auka læringsutbytte" er viktige mål. Hovudsatsinga er for tida "Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø". Skulane i Ål har dei siste åra arbeidd med ei stor IKT-satsing der elevane på barnetrinnet har kvar sin iPad og elevane på ungdomstrinnet har kvar sin PC. Alle klasserom er godt utstyr med ny teknologi som t.d nettverksprojektor, apple-TV, bluetooth høgtalar med lærarmikrofon. Ål er MOT-kommune.
Sjå www.aal.kommune.no for fleire opplysningar om kommunen og skulane.
Utlysinga gjeld også for stillingar som kan bli ledige fram til august 2021.
Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og 14-3.
Det er spesielt behov for fylgjande kompetanse:
- Engelsk
- Kunst-og handverksfag
- Spesialpedagogikk
- Praktisk bruk av IKT i undervisninga
- Lærarspesialistar i norsk, matematikk og engelsk
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Skulen i Ål nyttar nynorsk som målform. Kontaktlærarfunksjon er aktuelt ved fleire av skulane.
Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse i.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:
- du brenn for læraryrket og ynskjer å bidra til god læring for elevane
- du er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer.
- du trivst i ein digital kvardag.
- du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- du ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- du har engasjement for elevar med spesielle behov
Me tilbyr
- arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
- rettleiing i to år for nytdanna lærarar
- engasjerte og dyktige skuleleiarar
- skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- hjelp til bustad
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Du må sende elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju fortløpande. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar, dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillingane.