Gol og Herad sokneråd/fellesråd

Kyrkjeverje i 100% fast stilling i Gol ledig frå 1. mai 2022

  • Heltid
Gol
jan 7, 2022

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

• Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd med ansvar for personalleiing, sakshandsaming, budsjettoppfølging og økonomistyring

• Ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av kyrkjer og gravplassar i kommunen

• Vidareutvikle samarbeid og gode relasjonar med kommune, offentlege organ, sokneråd/fellesråd og andre samarbeidspartnerar i lokalsamfunnet og prostiet

Ved ein eventuell endring i Den norske kyrkja si organisering, kan oppgåvene bli noko endra.

Ønska kvalifikasjonar:

• Relevant utdanning på universitets/høgskulenivå. Særleg relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskrav.

• God kjennskap til og eit stort hjarte for Den norske kyrkja som organisasjon og kyrkja sin plass i samfunnet

• Erfaring med personalleiing, økonomistyring, administrasjon og forvaltning

• Det er krav til medlemskap i Den norske Kyrkja

• Tilfredsstillande politiattest må framleggast ved tilsetting jmf. Lov om trus- og livssynssamfunn § 20

Personlege eigenskapar:

Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit ved tilsetting

• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

• Evne til å bygge gode relasjonar både internt og eksternt

• Evne til å leie under utvikling og endring

• Evne til å motivere og vidareutvikle organisasjonen

• Tenke målretta og samtidig kunne vera fleksibel

Vi tilbyr:

• Ein spanande og variert jobb

• Triveleg arbeidsmiljø

• Kontorplass saman med dei andre kyrkjeleg tilsette i Gol kommunehus

• Løn etter avtaleverk i kyrkjeleg sektor.

• Pensjonsordning i KLP

Søknad

Søknadsfrist:
2022-01-07

Om stillingen

Ansettelsesform:
Fast
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Ikke oppgitt
Oppstart:
01.05.2022
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Gol og Herad sokneråd/fellesråd
Hjemmeside:
https://kyrkja@gol.kommune.no
Adresse:
Gamlevegen 4, 3550

Gol kommune ligg i Hallingdal prosti og det er god forbindelse til både Oslo og Bergen. Her er gode høve til friluftsliv og det er eit aktivt kulturliv og idrettsmiljø i bygda. Gol har om lag 4 650 innbyggjarar. Det er to kyrkjer og eitt sokn i kommunen. I tillegg til soknekyrkjene Gol og Herad kyrkje, ligg også nye Gol stavkyrkje og Oset kapell i kommunen. Det er ein del kyrkjelege handlingar i båe desse kyrkjene.

Kyrkjene i Gol og i Hemsedal kommune var frå gamalt eit prestegjeld og det er fortsatt ein del samarbeid mellom desse sokna. Det er felles trusopplærar og prestane har teneste i båe kommunane. Ved Gol kyrkjekontor er det totalt 6,5 årsverk fordelt på 8 tilsette. Det er kontorlokale i kommunehuset.

Om søknaden

Publisert:
24.11.2021
Sist endret:
04.12.2021