Gol og Herad sokneråd

Kyrkjemusiker 20% engasjement

  • Deltid
Gol
des 9, 2021

Spelar du eit instrument, kan du tenke deg å lære opp ungdom i musikalske uttrykk og arbeide med musikk i kyrkja? Då er dette ei stilling for deg.

Gol og Herad sokneråd søkjer etter ein persion som kan spela på ca 1 gudsteneste i månaden og lede kyrkjelyden i salmesang, og likeins vera enten bandleiar eller dirigent for Ten Sing arbeid i kyrkjelyden. Ten Sing er eit ungdomsarbeid der ungdom blir engasjert gjennom blant anna kor, solistar, band, dans, drama og teknikk. Ten Sing er opptatt av Det heile mennesket, ung deltaking, opent medlemskap — kristent lederskap, likestilling og solidaritet. En viktig faktor er ungt ansvar — vakse nærvær. Dette betyr at det er dei unge som skal styre og lede gruppa, men med rettleiing og hjelp frå ein vaksen leder. Type instrument som kan nyttast kan vera av ulikt slag (trekkspel, gitar, piano, orgel, blåseinstrument eller noko heilt anna).

Stillinga er eit engasjement i 20% i 2 år frå 01.01.2021 med mogleg forlenging.

Kvalifikasjonar:

• Kunne bidra til leiing av band eller kor i ungdomsarbeid

• Kunne spela til salmar og liturgi i gudsteneste

• Personlege eigenskapar for stillinga blir vektlagt

• Søkjar må vera medlem av Den norske Kyrkje

• Det er ynskjeleg at eiga bil kan disponerast.

Personlege eigenskapar:

• Pågangsmot og kreativitet, samt evne til arbeide strukturert.

• Evne og vilje til å arbeide i team og med andre samarbeidspartnarar

• Fleksibilitet og smidighet

• Motivasjon for kyrkjeleg teneste

Vi tilbyr:

• Triveleg arbeidsmiljø

• Løn etter KA sitt lønsregulativ.

• Pensjonsordning i KLP

Søknad

Søknadsfrist:
2021-12-09

Om stillingen

Ansettelsesform:
Engasjement
Heltid/deltid:
Deltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Ikke oppgitt
Oppstart:
01.01.2022
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Gol og Herad sokneråd
Hjemmeside:
https://gol.kyrkja.no
Adresse:
Gamlevegen 4, 3550

Gol kommune ligg i Hallingdal prosti og det er god forbindelse til både Oslo og Bergen. Gol har om lag 4 600 innbyggarar og frå 2020 er det berre eitt sokn i kommunen med to kyrkjer. Kommunen har god tilgang til friluftsliv både sommar og vinter. I tillegg er det svært mange aktivitetstilbod for barn og unge. Bygda har eit fargerikt fellesskap med mange nasjonalitetar.

Ved Gol kyrkjekontor er det totalt 6,5 årsverk fordelt på 8 tilsette. Vi er godkjent som Grøn menighet. Kyrkjekontoret held til på kommunehuset.

Om søknaden

Publisert:
16.11.2021
Sist endret:
04.12.2021