Hemsedal kommune - Teknisk etat

Kommuneplanlegger – 100% fast stilling

  • Heltid
Hemsedal
sep 26, 2021

Org.nr.:964952701 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Hemsedal kommune har ledig stilling som kommuneplanlegger. Stillinga ligg til teknisk etat som fortida har 34 årsverk. Etaten har 3 avdelingar der ledig stilling ligg til avdeling for plan og bygg. Denne avdelinga har ansvar for forvaltningsområda kommune- / arealplaner, byggesak, matrikkel, kart/ og geodata. Kommunen har ca. 3 årsverk innan areal- og kommuneplanlegging. Avdelinga jobbar tett på kommunen sine innbyggjarar, politikarar og resten av kommunen sin administrasjon. Som kommuneplanlegger vil du også jobbe opp mot kommunen si øverste leiing med overordna areal- og samfunnsplanlegging.

Kommuneplanlegger har ansvar for overordna planarbeid gjennom kommuneplan, kommunedelplanar, samt temaplaner. Stillinga innebær utstrakt tverrfaglig samarbeid i kommunen. Arbeid med utgreiingar og analyser for den kommunale tjenesteproduksjon, særskilt innafor kommuneplanen sin samfunnsdel, med tilhøyrande delplanar definerer stillinga. Ansvar for overordnede folkehelsearbeid (plannivå) og samfunnssikkerhet ligg til kommunedirektøren sin stab. Nærmare arbeidsfordeling med stab vert avklart etter tilsetting. Personalansvar kan bli lagt til stillinga.

Hovudarbeidsområde/ansvar:

  • Leie og delta i planprosesser og andre prosjekt i samarbeid med kommunen sin administrasjon, utbyggjarar, arkitektar og innbyggjarar, som eksempel rullering av kommuneplanen sin areal- og samfunnsdel
  • Leie prosjekt innan overordna samfunns- og arealplanlegging relatert til eige fagfelt/kompetanse
  • Utarbeiding av temaplanar i samarbeid med sektormynde
  • Andre relevante oppgåver kan bli lagt til stillinga

Krav til kompetanse

  • Universitets-/høgskulenivå til eks utdanning innan samfunnsplanlegging, samfunns- eller statsvitenskap, miljø, arealplanlegging, eller anna relevant utdanning
  • Kunnskap eller kjennskap til analyse og statistikk med prognosearbeid knytt til langsiktig samfunnsutvikling og strategisk planlegging
  • Erfaring frå areal- og samfunnsplanlegging
  • Kunnskap eller erfaring med geografiske analysesystem, kartprogram og kommuneplankart
  • Erfaring og kunnskap om offentleg forvaltning og plan- og bygningsloven
  • Evne til å involvere de folkevalde i analytisk, langsiktig og strategisk tenking
  • Stillinga er utprega prosjektorientert, og den som vert tilsett må kunne prosjektleiing
  • Førarkort klasse B

Personleg eigenskap:

  • Løysningsorientert og gode samarbeidsevner.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skrifteleg og muntleg.
  • Evne til å tenkje strategisk og heilskapleg
  • Arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr:

  • Spennande oppgåver
  • Konkurransedyktig lønn
  • Fleksibel arbeidstid
  • Pensjonsordning i KLP
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med utfordrande oppgåver i skjeringspunktet mellom turistutbygging og bygdekultur

Generell informasjon:

  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP)
  • Administrasjonsspråket er nøytralt, men kommunen nyttar nynorsk i overordna plandokument
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.

Har du spørsmål til stilinga kan du gjerne ta kontakt med teknisk sjef, Ola Frogner.

Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her i Hemsedal kommune!
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Ola Frogner, Tlf: 31408809, Mobil 97058809, Epost: ola.frogner@hemsedal.kommune.no

Søknad

Søknadsfrist:
2021-09-26T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Fast
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Hemsedal

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Hemsedal kommune - Teknisk etat
Adresse:
Hemsedalsvegen 2889, 3560

Hemsedal kommune er en fjellbygd i Hallingdalregionen, med omlag 2560 innbyggere. Kommunen er i stadig vekst og har en spennende reiselivsnæring, et livskraftig landbruk og et rikt og mangfoldig kulturliv. Hemsedal er et møte mellom øst og vest, og er omringet av vakker natur. Det er i overkant av 200 årsverk i kommunen og du vil finne et bredt spekter av stillinger i de ulike sektorene.

Om søknaden

Publisert:
07.09.2021
Sist endret:
19.09.2021