Ødegård AS

Mogeleg kjøpar eller dagleg leiar

  • Heltid
Ål
des 31, 2021

Solid og tradisjonsrik bedrift søkjer kontakt med mogeleg kjøpar eller dagleg leiar for vidare drift

Ødegård AS er ei bedrift lokalisert på Ål i Hallingdal som har drive med sal av dame- og herrebunad og bunadsutstyr sidan 1985. Eigar og dagleg leiar har nyleg pensjonert seg og me ynskjer derfor å kome i kontakt med mogeleg kjøpar eller ny dagleg leiar. Dette er ein unik mogelegheit viss du ynskjer å drive din eigen bedrift.

Bedrifta kan i korte trekk oppsummerast på følgande måte:

  • God og solid drift over mange år.
  • Ordna økonomi.
  • Gode vekstmogelegheiter for framtida.
  • Etablerte butikklokaler med langtidsleiekontrakt midt i Ål sentrum.
  • Møteplassar for måltaking av kunder sentralt på Austlandet.
  • Ein stor og lojal kundeportefølje.
  • Eige mønster av fleire dame- og mannsbunader, bunadsutstyr og bunadssølv.
  • Avtale med Solhjell AS om produksjon av bunader med vårt mønster, samt tilgang på heile produktsortimentet til Solhjell AS.
  • Avtale med Sylvsmidja AS om produksjon av bunadssølv med vårt mønster, samt tilgang på heile produktsortimentet til Sylvsmidja AS.
  • Eigne kanalar for produksjon av bunadsutstyr.
  • Nettstaden www.bunadshandel.no med oversikt over alle våre produkt, nettbutikk og praktiske videoar for bruk av bunadsutstyr.
  • Facebooksida «Ødegård A.S. – Hallingbunad – Bunadshandel» som i skrivande stund har 3.600 fylgjarar.

Krav til kjøpar og/eller ny dagleg leiar:

  • Du har lyst til å drive og engasjere deg i eigen bedrift.
  • Du er kreativ og likar sal av kapitalvarer.
  • Du kan vidareutvikle bedrifta, både fagleg og forretningsmessig.
  • Du ser mogelegheiter i ein spennande og variert marknad.
  • Du har eit ynskje om å investere framtida di i ei veletablert og tradisjonsrik bedrift.
  • Du ynskjer å yte det lille ekstra, både for bedrifta og kundane.

For riktig person tilbyr me:

  • God starthjelp med 35 års bransjeerfaring.
  • Eit velfungerande styre.
  • Fleksibilitet i forhold til kva eigarstruktur som passer deg best.
  • Mogeleg tilpassa finansieringsordning etter avtale ved kjøp.
  • Konkurransedyktig leiarlønn etter avtale ved tilsetting som daglig leiar.

Ål i Hallingdal ligg midt mellom Oslo og Bergen. Reisetida er om lag tre timar til Oslo og fire timar til Bergen. Bergensbanen stoppar også på Ål. Hallingdal er ein stabil og attraktiv bu- og arbeidsregion med om lag 20.000 heiltidsinnbyggjarar, samt ein stor og attraktiv hytteregion med opptil 100.000 deltidsinnbyggjarer i dei mest populære høgtidene. Ål er Hallingdals største kommune og ligg midt mellom Geilo, Gol og Hemsedal.

Ta snarlig kontakt med Leif Kåre Ødegård på tlf: 95 25 18 50 eller e-post: bunaden@online.no for ein uforpliktande prat.

Organisasjonsnummer: 968 585 533

Søknad

Søknadsfrist:
31.12.2021
Publisert:
12.01.2021
Sist endret:
14.01.2021

Om stillingen

Heltid/deltid:
Heltid
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

For å søke på denne stillingen må du sende en e-post med CV og søknadsbrev til bunaden@online.no