Hemsedal kommune

Helsefagarbeidar – faste helgestillingar

  • Heltid
Hemsedal
mar 31, 2021

Ledige stillingar:

Vi har ledige faste helgestillingar som helsefagarbeidar på Bygdaheimen og i Heimebaserte tenester.

  • Ledige helgestillingar på 13,10%
  • Ledig helgestilling, fredag, lørdag og søndag, på 20%

Er du fagleg engasjert, opptatt av kvalitet og utvikling av tenestene med vekt på meistring og livskvalitet?
Evnar du å gje tryggleik gjennom god fagleg omsorg?
Ønskjer du å jobbe med dyktige, fleksible og gode kollegaer som yter det vesle ekstra og som har brukarane i fokus?

Vi søkjer etter:

  • offentleg godkjente helsefagarbeidarar
  • søkjarar som er under utdanning eller med anna relevant kompetanse og/ eller erfaring vil også kunne søkje
  • søkjar må ha god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • det er ein fordel om søkjar har sertifikat

Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på kompetanse, erfaring, interesse og personlege eigenskapar.
Intervju og tilsetting vil bli gjennomført fortløpande.

Vi tilbyr:

  • flexiturnus
  • høy fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø
  • tilstrekkelig opplæring

Vi ønskjer tilsette som:

  • er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
  • møter brukar og pårørande på ein open og respektfull måte
  • har gode samarbeidsevner, evne til å ta ansvar
  • er fleksibel og sjølvstendig
  • medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt

Generell informasjon:

  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
  • Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
  • Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess via www.hemsedal.kommune.no – ledige stillinger:

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar skal lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no, ved utfordringar i søknadsprosessen.

Vi gjør oppmerksame på at intervju vil bli gjennomført fortløpande og nokon av stillingane vil kunne bli tilsett før søknadsfristens utløp.

Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.

Søknad

Søknadsfrist:
31.03.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Hemsedal

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Hemsedal kommune

Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.

Om søknaden

Publisert:
05.02.2021
Sist endret:
09.03.2021