Har du tid og lyst til å gje støtte og oppfølging til menneskjer med ulike behov og i alle aldre, og gje dei ei aktiv og meiningsfylt fritid?

Då vil me gjerne kome i kontakt med deg.

Me treng aktivitetskontaktar til personar som har vedtak om dette.

Tenesta er heimla i Lov om helse- og omsorgstjenester § 3.2-6b.

Målsettinga med aktivitetskontakt er å gje auka sosialt samvær og følgje til ulike fritidsaktivitetar med mål om å auke meistring og livskvaliteten for den enkelte.

Oppdraget kan vere

  • kartlegge brukarens interesser
  • finne egna kultur- og fritidsaktivitetar
  • motivere og legge til rette for den enkelte sin deltaking
  • legge til rette for kultur- og fritidsaktivitetar som brukarane sjølv ønskjer å delta i
  • motivere for nye aktiviteter
  • hjelpe brukarane til å utvikle sosiale relasjonar slik at dei får ei meiningsfull fritid og auka livskvalitet 

Det å vere aktivitetskontakt skal vere hyggelig og givande. 

Du må ha overskot til å gje av deg sjølv, vere trygg, og ha evne til å etablere kontakt, men samtidig kunne sette grenser. 

Du må vere påliteleg og stabil, samt vere villig til å forplikte deg over tid. Du må vere over 18 år.

Me tilbyr

  • varierte oppdrag/oppgåver
  • rettleiing ved behov
  • oppdragsavtale
  • løn som aktivitetskontakt tilsvarar assistentløn med 8 års ansiennitet, samt utgiftsdekning på kr 200 pr månad. Det blir utbetalt køyregodtgjersle for køyring under oppdraget.

Politiattest og teieplikt

Du må levere politiattest av nyare dato, samt signere en teieerklæring før du kan få oppdrag som aktivitetskontakt.

Meld din interesse:

Elektronisk søknad via www.aal.kommune.noledige.stillingar eller ta kontakt med kontaktperson. 

Link til søknadsskjema: Søk her

Søknad

 

Om stillingen

 

Om arbeidsgiver
Søk på stilling

Søk på denne stillingen

For å søke på stillingen klikk på lenken aal.easycruit.com.

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord