Site logo

Arbeidsstad er dei lokale avfallsmottaka i Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nesbyen og Flå etter behov. Vi søker deg  som kan arbeide sjølvstendig og systematisk, har god ordenssans, er omgjengeleg og fleksibel, har evna til å rettleie kundane på ein god måte og kan ta i eit tak.

Avhengig av søkarane sine interesser blir det tilsett i ei 100% stilling eventuelt i to 50% stillingar. Så langt råd blir det teke omsyn til bustadkommune ved oppsetting av turnus.

Arbeidstid er normalt mandag til torsdag kl. 12-19 og kvar tredje laurdag kl. 10-14.

Arbeidsoppgåvene består i rettleiing av publikum ved levering av avfall, sortering og pakking av avfall, enklare vedlikehald og utarbeiding av fakturagrunnlag m.m. Opplæring i form av kurs og opplæringsvakter.

Den som vert tilsett må beherske norsk skriftleg og muntleg, ha førarkort minimum kl. B og disponere bil. Førarkort kl. C1 og truckførarbevis vil være ein fordel.

Arbeidsmiljøet vårt er mannsdominert og vi oppmodar kvinner om å søke arbeid hos oss. Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Løn etter tariffavtale.

Søknad med CV til Hallingdal Renovasjon IKS, Kleivi næringspark 23, 3570 Ål alternativt til firmapost@hallingdalrenovasjon.no. Merk; Søknad om stilling Uteavdelinga.

Nærare informasjon får du ved å kontakte driftsleiar Helge Svarstad, tlf. 32086115/ 91775263.

Søknadsfrist: Fredag 03.02.2022

Nøkkeldata

 

Om stillingen

 

We use cookies to improve your experience on our website. By browsing this website, you agree to our use of cookies.

Logg inn

Registrer bruker

Forgotten Password