Hemsedal kommune

Fagarbeidar / assistent p.t. Hemsedal b/u-skule

  • Heltid
Hemsedal

Ledig stilling:

  • inntil 70 % vikariat frå nå og frem til 31.07.2021 som fagarbeidar/ assistent på Hemsedal barne- og ungdomsskule

Vi har stort behov for tilkallingsvikarar, så det er god moglegheit for arbeid vidare.

Hemsedal barne- og ungdomsskule er ein skule som inneheld 5.-10. trinn med ca 190 elevar. Det er eit godt utvikla tverretatleg samarbeid. Skulane ligg fint til med mykje fin natur rundt seg og det er gode turmuligheiter i nærområdet.

Vi gjør oppmerksame rekruteringsprosessen vil bli gjennomført fortløpande og stillinga vil kunne bli tilsett før søknadsfristens utløp.

Hovudarbeidsområde/ansvar:

Arbeid med elevar med spesielle behov, i klassen, på grupper eller aleine.

Vi søkjer etter deg som:

  • har evne til å inspirere og vise omsorg
  • har erfaring fra spesialpedagogisk arbeid
  • vil arbeide med fokus på ressursen i barnet og gode relasjonar
  • vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • er nysgjerrig, skapande og tar ansvar
  • har engasjement og interesse for arbeidsoppgåvene
  • skaper glede og begeistring på arbeidsplassen

Krav til kompetanse:

Vi søkjer etter deg som er barne- og ungdomsarbeidar eller har anna relevant fagutdanning. Erfaring i å arbeide med barn og unge i skulen vil også bli vurdert som relevant kompetanse. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Skulen kan tilby:

  • Fokus på utvikling av fagleg kvalitet
  • Eit aktivt friluftsliv
  • Eit spanande og triveleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver

Krav til dokumentasjon:

Den som vert tilsett i stilling innan skulen skal levere tuberkuloseskjema og kan bli pålagt å ta tuberkuloseprøve. Det er krav om politiattest jf. opplæringslova for skulen før ein startar i stillinga.

Det er krav om vitnemål og dokumentasjon frå tidlegare arbeidserfaring ved fastsetjing av lønn. Lønnsansiennitet blir sett til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.

Generell informasjon:

  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
  • Nynorsk er tenestemål jf målbruksplan, og det er ønskeleg at tilsette beherskar målforma
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil ev. bli innhenta. Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no, ved utfordringar i søknadsprosessen.

www.hemsedal.kommune.no – sjå "ledige stillinger" for å registrere din søknad.

Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.

Søknad

Søknadsfrist:
13.03.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Hemsedal

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Hemsedal kommune

Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.

Om søknaden

Publisert:
02.02.2021
Sist endret:
01.03.2021