Hemsedal kommune Teknisk drift

Driftsoperatør/teknikar VA – 100% fast stilling

  • Heltid
Hemsedal
okt 31, 2021

Hemsedal kommune har ledig 100 % fast stilling som driftsoperatør/teknikar ved driftsavdelinga.

Avdelinga er underlagt Teknisk etat og har mellom anna ansvar for drift av tre avløpsrenseanlegg, to vassverk, leidningsnett og kommunale vegar. I åra som kjem skal vi investere betydelege beløp i nytt vassbehandlingsanlegg, utbygging av nye overføringsleidningar samt utskifting og rehabilitering av eksisterande leidningsnett. Det er stor utbyggingsaktivitet og vi treng ein engasjert kollega som vil bidra til at vi fortsatt leverer gode tenester til innbyggarane våre    

Hovudarbeidsområde/ansvar: 

  • Drift, vedlikehald og oppgradering av avløpsrenseanlegg med tilhøyrande leidningsnett og avløpspumpestasjonar
  • Drift, vedlikehald og oppgradering av vassbehandlingsanlegg med tilhøyrande leidningsnett, høgdebasseng og, trykkøkningsstasjonar
  • Delta aktivt ved lekkasjesøk
  • Aktiv bruk av SD-anlegg, FDV-program, GIS-Line VA og andre dataverktøy avdelinga nytter
  • Dialog med abonnentar, røyrleggar, entreprenører og andre samarbeidspartnarar
  • Utvikling av rutinar og arbeidsmåtar
  • Andre oppgåver kan leggast til eller endrast av nærmaste leiar

Arbeidstid:

Måndag til fredag Kl. 07:00 – kl. 15:00. Deltaking i beredskapsvaktordning med ei vekesvakt ca. kvar 5 veke frå fredag til fredag mellom kl. 15:00-07:00. Beredskapsvakta har heimevakt med responstid på maks 1 time.   

Arbeidsstad:

Trøim avløpsrenseanlegg, Hemsedalsvegen 2871, 3560 Hemsedal

Ønskja kvalifikasjonar:

  • Ingeniørutdanning eller fagbrev innan relevante områder som elektrikar, automasjon, røyrleggar, anleggsrøyrleggar. Realkompetanse (erfaring) innanfor fagområdet kommunalteknikk/VA vil kunne erstatte formell utdanning
  • Erfaring frå bruk av elektroniske system og SD anlegg
  • Førarkort klasse B er et krav
  • God norsk skriftlig og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert og villig til å lære samt tenke framtidsretta og nytt
  • Evne til raskt å sette seg inn i arbeid med ulike dataverktøy og styringssystem
  • Resultatorientert og serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig

 Den som vert tilsett må delta i avdelinga si utvikling. Personlege- og sosiale eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Ein spennande arbeidsplass med komplekse, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • God pensjons- og forsikringsordning i KLP
  • Kommunen har IA-avtale og bedriftshelseteneste

Generell informasjon:

  •  Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  •  Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
  •  Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:

Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta. Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkar her i Hemsedal kommune.

Har du spørsmål til stillingen kan du kontakte leiar for teknisk drift, Bjørn Olav Viken. 

 

 

 

 

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-10-31T00:00:00

Om stillingen

Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Hemsedal

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Hemsedal kommune Teknisk drift

Hemsedal kommune er en fjellbygd i Hallingdalregionen, med omlag 2560 innbyggere. Kommunen er i stadig vekst og har en spennende reiselivsnæring, et livskraftig landbruk og et rikt og mangfoldig kulturliv. Hemsedal er et møte mellom øst og vest, og er omringet av vakker natur. Det er i overkant av 200 årsverk i kommunen og du vil finne et bredt spekter av stillinger i de ulike sektorene.

Om søknaden

Publisert:
06.10.2021
Sist endret:
18.10.2021