Ål vidaregåande skole, Viken fylkeskommune

Bygg- og anleggsteknikk i kombinasjon med fellesfag

  • Heltid
Ål
apr 21, 2021

Org. nr: – Stillingsident: 4373837226 Presentasjon av stillingen:

Vil du undervise i byggfag?

Er du glad i natur, fjell, friluftsliv og kultur? Ål vgs er plassert i ein av dei beste kulturkommunane i landet med ein kortreist kvardag og god kommunikasjon; frå Ål er det 3 timar med tog til både Oslo og Bergen. Vil du arbeide i eit kollegium med fokus på inkludering, tverrfagleg samarbeid, utvikling og godt profesjonsfellesskap?

Ål vidaregåande skole har frå 01.08.21 ledig 70%-100% fast stilling innan byggfag i kombinasjon med undervisning i andre fag, t.d. realfag.

Ål vidaregåande skole er ein kombinert skule med ca 250 elevplassar fordelt på ca 20 klassar. Skulen tilbyr utdanningsprogram innan elektrofag, teknologi- og industrifag, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, salg, service og reiseliv, dessutan påbygg til generell studiekompetanse og vaksenopplæring. Ved skulen er det totalt ca 60 medarbeidar som arbeider aktivt for å legge forholda til rette for at eleven skal trivast og ha eit godt lærings- og arbeidsmiljø gjennom skuleåret. Målet vårt er å drive ein skule der eleven blir sett i sentrum og der elevar og tilsette engasjerer seg for å skape ein god skule for alle.

Byggfag er organisert i eige programfag bygg- og anleggsteknikk. Skulen har to vg1-klasser på bygg, ein vg2-klasse bygg og ein vg2-klasse anleggsteknikk. Det er totalt 5 undervisningsstillingar på programområdet. Skulen har tett samarbeid med lokalt næringsliv og kommunar. Skulen har eigen bygghall med både klasserom og produksjonslokale. Vg2-klassen bygger kvart skuleår eit hus eller hytte for ein privatperson eller for ein frivillig organisasjon.

Frå 01.08.21 har skulen ledig 70% fast undervisningsstilling innan bygg- og anleggsteknikk. Det kan vera aktuelt med undervisning på både vg1 bygg og vg2 tømrer. Dersom det er aktuelt, kan denne stillinga kombinerast med 30% undervisning innanfor fellesfag, t.d. realfag.

Du finn meir informasjon om skulen på viken.no/al-vgs

Arbeidsoppgaver

  • undervisning byggfag
  • ut frå kvalifikasjonar kan det vera aktuelt med undervisning på andre programområde

Kvalifikasjoner

  • teknisk fagskole og svennebrev i tømrarfaget
  • ønskeleg med fullført praktisk-pedagogisk utdanning
  • kunne bruke IKT både som undervisnings- og arbeidsverktøy
  • beherske godt norsk, både muntleg og skriftleg personlege eigenskapar blir vektlagte

Personlige egenskaper

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • god til å skape positive relasjonar med andre
  • inkluderande og positivt elevsyn
  • evne til tydeleg klasseleiing
  • utviklings- og løysingsorientert
  • kan arbeide sjølvstendig
  • romsleg, raus og fleksibel

Vi tilbyr

  • lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk
  • gode, fleksible og løysingsorienterte kolleger
  • godt arbeidsmiljø
  • spanande og utfordrande arbeidsoppgåver

Kontaktinformasjon

Sissel Skrindo, ass. rektor, 99287896

Arbeidssted

Klokkarbakken 7
3570 Ål

Søk på stillingen:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Viken fylkeskommune

Referansenr.:4373837226
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.04.2021

Søknad

Søknadsfrist:
2021-04-21T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Fast
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål vidaregåande skole, Viken fylkeskommune
Adresse:
Klokkarbakken 7, 3570

Bli med på å utvikle Viken for våre innbyggere! Vi ønsker medarbeidere som tar en aktiv, engasjert, reflektert og ansvarlig rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtes mennesker med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape en region som viser vei.

Viken fylkeskommune ble etablert 01.01.2020 og er en stor arbeidsgiver med over 11 000 ansatte og 1,2 millioner innbyggere. Vi har ansvar for viktige samfunnsoppgaver som videregående opplæring, kollektivtransport og fylkesveier, tannhelsetjenester, regional planlegging, kultur og kulturminner.

Viken fylkeskommune er opptatt av mangfold, og vi oppfordrer derfor alle som er kvalifisert i henhold til stillingens krav, til å søke hos oss. Vi tilpasser arbeidsplassen om du har behov for det.

For ansettelse i skole og tannhelse kreves det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det fremkommer av din søknad at du ønsker konfidensiell behandling, gjør vi oppmerksom på følgende: Opplysninger om søker kan gjøres offentlig selv om søker har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Om søknaden

Publisert:
09.04.2021
Sist endret:
18.04.2021