Ål kommune

Barnehagelærarar i barnehagane frå 01.08.2021

  • Heltid
Ål

Ingress

Det er ledig eit uspesifisert tal årsvikariat/faste stillingar som barnehagelærar og/eller pedagogisk leiar ved barnehagane i Ål frå 01.08.2021.

Me søker

I Ål kommune er det fem barnehagar. Alle barnehagane er godt tilrettelagte for moderne drift. Betre læring er vår lokale oppvekstplan der "tett og tidleg på" og "auka læringsutbytte" er viktige mål. Hovudsatsinga er for tida "Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø". Systematisk arbeid innan språk- og sosial kompetanse, realsjonsbygging og begrepslæring er sentralt. Ål kommune satsar på IKT i oppvekstsektoren og barnehagane er no i gang med innføring.

Meir informasjon om barnehagane og barnehagetilbodet i Ål kommune, sjå www.aal.kommune.no

Utlysinga gjeld også for stillingar som kan bli ledige fram til august 2021.

Kvalifikasjonar

Krav om utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning, gjerne med vidareutdanning. Spesialpedagogikk er eit satsingsområde.

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer søkjarar som brenn for barnehageyrket.

Viktige eigenskapar:

  • interesse for pedagogisk utviklingsarbeid
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • pågangsmot og engasjement
  • lojal og positiv
  • fleksibel og løysingsorientert
  • ynskje om å ta del i fellesskapet, både fagleg og sosialt

Menn vert oppmoda om å søkje. Hallingdal har regional MIB-gruppe (menn i barnehage).

Me tilbyr

  • barnehagar med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
  • varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • engasjerte vaksne, barn og foreldre
  • kompetanseheving
  • hjelp til å skaffe bustad
  • pensjonsordning KLP

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad

Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkommen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga.

Søknad

Søknadsfrist:
07.03.21

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. Også i år er Ål rangert blant dei ti beste i kåringa til UNICEF om oppvekstvilkår for barn - i 2020 som ein av dei seks beste kommunane i landet. Me trenger deg for å bli endå betre.

Om søknaden

Publisert:
04.02.2021
Sist endret:
26.02.2021