Barnehagelærar frå 01.08.2021
- Heltid
Det er ledig eit uspesifisert tal stillingar ved barnehagane i Hemsedal frå 01.08.2021
Utlysinga gjeld vikariat og faste stillingar som kan verta ledig frå 01.08.21.
Ulsåk barnehage har 6 avdelingar og Tuv barnehage har 3 avdelingar. Barnehagane høyrer til kvart sitt oppvekstsenter, og ligg saman med skulen, 1. – 4. trinn. Barnehagane ligg i nærleiken til fine naturområder og har gode turmogelegheiter.
Barnehagane har jobba over tid med prosjektet "Inkluderande barnehage- og skulemiljø", eit prosjekt i regi av utdanningsdirektoratet, saman med skulane i bygda.
Vi søkjer etter deg som:
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- møter barn og forsette på ein open og respektfull måte
- har gode samarbeidsevner, evne til å ta ansvar
- er fleksibel og sjølvstendig
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- har gode norskkunnskapar og beherskar språket
Vi legg vekt på å vere ein lærande organisasjon, der tilsette kan delta i rettleiande team og vere løysingsorienterte og reflekterte.
Krav til kompetanse:
Det er eit krav om barnehagelærarutdanning.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Det er eit krav om godkjent politiattest ved tilsetjing i barnehagene.
Generell informasjon:
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Nynorsk er tenestemål jf målbruksplan, og det er ønskeleg at tilsette beherskar målforma
- Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.
www.hemsedal.kommune.no – sjå "ledige stillinger" for å registrere din søknad.
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar her hjå oss i Hemsedal kommune.