Hemsedal kommune

Barne- og ungdomsarbeidar/ Fagarbeidar/ assistent — Barnehage

  • Heltid
Hemsedal
aug 8, 2021

Org.nr.:964952701 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Ledige stillingar barnehageåret 21/22:

  • Inntil 100% vikariat i eitt år i Tuv barnehage frå 16.08.21.
  • Inntil 120% vikariat i eitt år Ulsåk barnehage frå 16.08.21.

Vi søkjer etter deg som er barne- og ungdomsarbeidar/ fagarbeidar/ assistent med ønskje om å jobbe i ein av våre barnehagar.

Utlysninga gjeld og eventuelle faste stillingar og andre vikariat som vert ledige frå hausten i Tuv og Ulsåk barnehage.

Barnehagane i Hemsedal
Ulsåk barnehage har 6 avdelingar og Tuv barnehage har 3 avdelingar. Barnehagane høyrer til kvart sitt oppvekstsenter, og ligg saman med skulen, 1. – 4. trinn.

Barnehagane er inne i eit utviklingsprosjekt som skal skape eit godt psykososialt barnehagemiljø som heiter "Være sammen", og deltek i pulje 4 i "Inkluderande barnehage- og skulemiljø", eit prosjekt i regi av utdanningsdirektoratet, saman med skulane i bygda. Barnehagane har store uteområde og gode turmogelegheiter.

Kvalifikasjonar:
Vi søkjer etter deg som er barne- og ungdomsarbeidar eller har anna relevant fagutdanning.
Erfaring med å arbeide med barn og unge i barnehage/ skule vil også vere relevant kompetanse. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi søkjer etter deg som:

  • er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
  • møter barn og forsette på ein open og respektfull måte
  • har gode samarbeidsevner, evne til å ta ansvar
  • er fleksibel og sjølvstendig
  • medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
  • har gode norskkunnskapar og beherskar språket

Vi legg vekt på å vere ein lærande organisasjon, der tilsette kan delta i rettleiande team og vere løysingsorienterte og reflekterte.

Generell informasjon:

  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
  • Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
  • Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
  • Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden.

Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.

Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Monika Randar, Tlf: 91567660, Mobil 91567660, Epost: monika.randar@hemsedal.kommune.no

Søknad

Søknadsfrist:
2021-08-08T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Annet
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
3
Sektor:
Ikke oppgitt
Kommune:
Hemsedal

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Hemsedal kommune
Adresse:
Hemsedalsvegen 2889, 3560

Hemsedal kommune er en fjellbygd i Hallingdalregionen, med omlag 2500 innbyggere. Kommunen er i stadig vekst og har en spennende reiselivsnæring, et livskraftig landbruk og et rikt og mangfoldig kulturliv. Hemsedal er et møte mellom øst og vest, og er omringet av vakker natur. Det er i overkant av 200 årsverk i kommunen og du vil finne et bredt spekter av stillinger i de ulike sektorene.

Om søknaden

Publisert:
08.07.2021
Sist endret:
05.08.2021