Ål kommune Utviklingsavdelinga

Arealplanleggjar – 100% fast stilling

  • Heltid
Ål
sep 23, 2021

Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :

Vi du vera med på å planlegge fremtidas kommune? Arealplanleggjar – 100% fast stilling
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Er du glad i friluftsliv (ski, sykkel, klatring, riding, vandring) og set pris på eit rikt kulturliv er Ål plassen for deg – sentralt i Sør-Noreg midt mellom Oslo og Bergen.

Som vår medarbeidar blir du ein del av det faglege miljøet i kontorfellesskap med byggesak, oppmåling, landbruk, kart, næringsutvikling og folkehelse. Me er ein trivelig gjeng på 19 dedikerte medarbeiderar. Me supplerar kvarandre godt med breid kompetanse og eit høgt fagleg engasjement.

Arbeidsoppgåver
Avdelinga vår har eit stort ansvar for kommunen si utvikling med mål om å lage ein god stad å bu og flytte til. Dette gir utfordrande, varierte og interessante oppgåver både i planprosessar og sakshandsaming. Dine hovedoppgåver vil vera lokalsamfunnsutvikling, arealplanlegging med revisjon av kommuneplanens arealdel og handsaming av private og kommunale reguleringsplanar.

Vi ynskjer at du:
• Har formell plankompetanse.
• Har erfaring frå arbeid med reguleringsplanar og god kjennskap til plan- og bygningslova.
• Vil vera med å jobbe for positiv utvikling i Al.
Du kan og vera nyutdanna med relevant fagbakgrunn.

Personlege eigenskapar
• Er open og lærevillig og har evne til å skape godt samarbeid, både internt og eksternt.
• Har forståing for prosessar.
• Utrykker deg klart og forståeleg munnleg og skriftleg.

Me tilbyr
• Løn etter avtale. Tilsetting iht. gjeldande lov- og avtaleverk. Løn etter ansiennitet og kvalifikasjonar. Stillinga er ledig frå 1. november.
• Pensjonsordning gjennom Kommunal Landspensjonskasse.
• Me hjelper til med å skaffe bustad og barnehageplass.

Send søknad

Søknad på stillinga sendast elektronisk via heimesida til Ål kommune: www.aal.kommune.no . Når du har valt aktuell stilling er det ein grøn knapp «Send søknad» øvst i høgre hjørne. Du skal ikkje sende inn vitnemål og attestar. Ta med kopiar av disse til eit eventuelt intervju. Kommunen følgjer offentlighetsloven § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Reidun Aaker, Mobil +47 99287854, Epost: reidun.aaker@aal.kommune.no

Søknad

Søknadsfrist:
2021-09-23T00:00

Om stillingen

Ansettelsesform:
Fast
Heltid/deltid:
Heltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune Utviklingsavdelinga
Adresse:
Torget 1, 3570

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små.
I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet.
Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.

Om søknaden

Publisert:
31.08.2021
Sist endret:
19.09.2021