Ål kommune Ergo / fysio

50 % fast stilling i oppsøkjande team

  • Deltid
Ål
okt 24, 2021

Er du opptatt av førebyggjande arbeid, kvardagsmeistring, velferdsteknologiske løysingar, demensomsorg og alderspykiatri?

Då har vi ledig 50 % stilling i Oppsøkjande team. Stillinga kan kombinerast med andre stillingar i kommunen. 

Ål kommune oppretta Oppsøkande team i 2010. Teamet er tverrfagleg og har til saman 100 % stilling. Stillinga er lagt til avdeling Ergo / fysio. Me er ei verksemd i utvikling og som ønskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre hvardagen. I løpet av 2022 blir me ein del av avdeling meistring. 

Teamet har 3 ulike arbeidsoppgåver

  • Førebyggjande heimebesøk til eldre i kommunen over 80 år.
  • Kartleggingsbesøk på bestilling frå tildelingsteamet
  • Demensutgreiingar

Du kan lese meir om avdelinga og teamet her.

Kvalifikasjonar

  • autorisert sjukepleier eller helse- og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå.
  • ønskjeleg med kartleggingskompetanse og gjerne vidareutdanning innan demens og alderspsykiatri
  • interesse for velferdsteknologiske løysinga
  • førarkort i klasse B

Personlege eigenskapar

  • du har engasjement for faget og brukargruppa
  • du er positiv, løysningsorientert og fleksibel
  • du kommuniserer godt med brukarar, deira pårørande og samarbeidspartar
  • du ser den enkelte sine ressursar og potensiale, og motiverer for meistring og eigenomsorg

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar

Me tilbyr

  • godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
  • arbeidsplan/turnus med lite ubekvem arbeidstid
  • eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
  • internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
  • pensjonsordning i KLP

Politiattest

For å få tiltre stillinga etter tilsettinga, må du levere gyldig politiattest som er nyare enn tre månader.

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden.

 

 

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-10-24T00:00:00

Om stillingen

Heltid/deltid:
Deltid
Antall stillinger:
1
Sektor:
Offentlig
Kommune:
Ål

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Ål kommune Ergo / fysio
Adresse:
Helsetunvegen 5, 3570

Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg. Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet. Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell. Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal. Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.

Om søknaden

Publisert:
06.10.2021
Sist endret:
18.10.2021