Miljøterapitenesta

100 % fast stilling som miljøterapeut med fagansvar

Gol

Miljøterapitenesta gir tenester til heimabuande i Helsetunvegen og Kristenbråten. Vi gir også tenester til Avlastning og pårørandestøtte, samt av vi har eit arbeidssenter for aktivisering. Vi er omlag 150 tilsette og håpar du vil vera ein del av laget vårt.

Vi legg vekt på brukarmedverknad i det daglege der «Aktiviteter i dagleglivet» (ADL) er viktig. Vi har også fokus på kosthald, fysisk aktivitet og eit godt liv for den einskilde bebuar.

Stillinga som miljøterapeut med fagansvar er knytt til bebuarar Helsetunvegen.
Stillinga har 50% miljøarbeidarteneste i turnus med arbeid kvar tredje helg og 50 % dagarbeid.

Arbeidsoppgåver:
• Helseoppfølging av brukarar
• Lage tiltaksplanar
• Lage prosedyrar for brukar, følgje opp, endre og implementere
• Faglig rettleiing av personale i avdelinga
• Brukarmøter i samarbeid med dei tilsette
• Legge til rette for ansvarsgruppemøter
• Vere med i rettleiing i pleie og daglege gjeremål hos bebuar
• Samarbeid med andre involverte partar som statsforvaltaren og habiliteringstenesta

Kvalifikasjonar:
• Vernepleiar eller sjukepleiar. Anna relevant høgskuleutdanning vil bli vurdert
• Førarkort for bil
• Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Vi ynskjer at du
• har kjennskap til menneske med psykisk utviklingshemming
• har gode samarbeidsevner
• er løysingsorientert
• er positiv og engasjert

Vi tilbyr:
• Engasjerande arbeidsoppgåver
• Fagleg samarbeid og gode, engasjerte kollegaer

For stillinga gjeld:
• Løn etter gjeldande avtaleverk
• Gode pensjonsordningar

Anna:
• Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din. 

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernreglane og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett
e-postadresse i søknaden.

Link til søknadsskjema: Send søknad

Søknad

Søknadsfrist:
2021-09-30

Om stillingen

Antall stillinger:
1
Kommune:
Gol

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:
Miljøterapitenesta
Adresse:
Helsetunvegen, 3550

Om søknaden

Publisert:
09.09.2021
Sist endret:
19.09.2021