Om arbeidsgiveren

Hendug Bygg AS vart etablert i 2012 og har 25 tilsette, solid økonomi, og er eigd av dei tilsette. Hovudkontor på Ål og avdelingskontor på Geilo. Hendug Bygg vart etablert i 2012 etter ei samanslåing av Grøthe og Furulaft, og er eigd av dei tilsette. Dette gir motiverte tilsette og stabil arbeidskraft med fokus på langsiktigheit i drift og utvikling.

Hendug sin visjon er: Dei beste folka i Hallingdal til å bygge unikt, godt og framtidsretta

Me er sikker på at fornøgde tilsette gir gode prosjekt og leveransar, og gjennom dette fornøgde kundar.

Hendug har lokal kunnskap og erfaring om geografi, klima og byggetradisjonar i Hallingdal, og nyttar lokal arbeidskraft og kortreiste råvarer når det er hensiktsmessig.

Hendug bygger unike hus og hytter i bindingsverk og/ eller tømmer (laft og stavlaft).

Nøkkeldata

Logg inn

Registrer profil

Glemt passord